Sunnmøralpane byr på ei uvanleg stor spennvidde av toppturar for ein kvar smak.

Med korte avstandar frå bygdebyar og grender til foten av fjella kjem ein seg raskt i posisjon, og skiturane varierer veldig – frå dei heilt korte og enkle til dei lengre, brattare og meir krevjande.

Ved å leige guide hos Sunnmørsalpane Fjellføring vil Stig Helset kunne ta deg med på toppturar til kjente skifjell som til dømes Kolåstinden, Dalagubben, Randers’ Topp, Slogen, Kvitegga og Eidskyrkja.

 

Utstyr

Sunnmørsalpane Fjellføring leiger ikkje ut skiutstyr. Dette inneber at deltakarane sjølve må ha randonee- eller telemark-utstyr, hjelm, spade, søkjestong og sendar/mottakar for å vere med på skitur.

 

Toppturar i Sunnmørsalpane

 

toppturar-i-sunnmorsalpane

Som inspirasjon kan du lese boka Toppturar i Sunnmørsalpane – Skiførar til fjella kring Hjørundfjorden, Austefjorden og Storfjorden (FriFlyt As 2015).

I denne boka skildrar fjellførar og forfattar Stig Helset og fotograf Håvard Myklebust (http://www.havardmyklebust.com) i ord og bilete dei 80 flottaste toppturane i Sunnmørsalpane.

Kjøp boka i bokhandelen, fjellsportbutikkar eller hos forlaget FriFlyt As her:

https://www.ffshop.no/toppturar-sunnmoersalpane-p-1847.html