Sunnmørsalpane er eit eldorado for dei som likar fotturar i fjellet.

Ute ved kysten får ein korte og enkle turar til toppar som gir nydeleg utsyn over Atlanterhavet i vest og Sunnmørsalpene i aust. I midtre strok finn ein både korte og enkle og lengre og brattare fotturar, slik som til dømes Jønshornet, Jakta, Hornindalsrokken og Slogen, medan vi i indre strok finn Tafjordfjella, som byr på lange og flotte fjellturar.

Ved å leige guide hos Sunnmørsalpane Fjellføring vil Stig Helset kunne ta deg med på den turen som passar best for deg og ditt turfølgje.

 

Opplev Sunnmørsalpane

Som inspirasjon kan du lese boka Opplev Sunnmørsalpane – Friluftsliv frå fjord til fjell (FriFlyt As 2011).

I denne boka skildrar Stig Helset, Fredrik Sigurdh og Eirik Vaage den store breidda av ulike naturopplevingar du kan få i Sunnmørsalpane.

Kjøp boka i bokhandelen, fjellsportbutikkar eller hos forlaget FriFlyt As her:

https://www.ffshop.no/opplev-sunnmoersalpanebr-friluftsliv-fjord-fjell-p-914.html?osCsid=jp1dlo1bc0ivcc5gpplpi6cst7