Det spesielle med Sunnmøre er det store mangfaldet av ulike typar naturopplevingar ein kan få innanfor korte avstandar. Frå dei sunnmørske fjelltoppane ser ein utover eit fantastisk alpelandskap og rett ned i djupe fjordar, og ute ved kystlinja kan ein sjå kveldssola gå ned i Atlanterhavet.

 

Vel Sunnmørsalpane Fjellføring som din guide på tur!

Ved å leige guide hos Sunnmørsalpane Fjellføring vil du få personleg guiding av Stig Helset, som er ein av dei mest erfarne fjellmennene i regionen.

Gjennom 30 års aktivitet har han opparbeidd seg inngåande kunnskap og kompetanse om kva som til ei kvar tid vil vere dei best eigna turmåla i Sunnmørsalpane. Anten du vil på fottur, ein enkel klatretur eller topptur på ski, vil han ta deg og venene dine med på den turen som passar best for dykk akkurat den dagen!

 

Forsikring

Sunnmørsalpane Fjellføring tilbyr ikkje forsikring, og det er derfor viktig at den som ønsker guida tur, sjølv passar på å vere forsikra med omsyn til uhell og ulukker på tur.

Guide Stig Helset

Stig Helset